mandag 8. mars 2010

VÅR :D

Da eg køyrde heim frå skulen på fredag, fekk eg ein voldsom vårkjensle. Sola steika, og veiane var bare og tørre, bortsett frå veikanten som var blaut av snøen som smelta i den steikande sola. Eg hadde sola i andletet heile vegen heim, og eg vart blenda så eg nesten ikkje såg kvar eg køyrde. Ikkje at det er så bra, men det gav allikevel ein sterk kjensle av at sumaren nærma seg.

Ein anna ting som støtta opp under desse kjenslane er at bilen allereie er oppvarma av sola når eg set meg inn i han etter skulen. Elles i vinter har eg nesten ikkje fått start på han på grunn av den bitande kulda. Dessuten slepp eg å skrape isen av ruta.

Men den fyrste vårkjenslen i år fekk eg da vi gjekk på skøyter på aktivitetsdagen på tysdag. Det var nesten for varmt for å ha lue på og like før isen smelta. Eg hadde også lagt frå meg ein halvspist kvikk-lunch på benken, og etter ein halvtime med skøyting var den allereie nesten smelta. Det var både trist og flott, eg var jo lei meg for at sjokoladen min hadde smelta, men samtidig var eg veldig glad for da skjønte eg at våren var på veg.