
Are Kalvø er ein sunnmørsk forfattar, satirikar og kosør, som tullar og tøysar på nynorsk. Han har gjort mykje opp igjennom tida, som å gje ut fleire bøker som "absolutt Oslo" i 1994 og romanen "Nød" i 2004, han har også vore programleiar i eit satirisk helgemagasin ved namnet "Hallo i uken" i 1993 og onsdag 26. august 2009 fekk han alle elevane på Sandvika vgs til å le.
Då eg fekk høyre at vi skulle på eit foredrag halde av ein sunnmørsk kosør, hadde eg ikkje dei høgste forventningane, men eg skjønte med ein gong han starta at dette ikkje kom til å bli så keisamt som eg fyrst hadde trudd, snarare tvert imot.
Alt tull og tøys man kunne sleppe unna med, berre man tulla og tøysa på nynorsk gjekk som ein raud tråd gjennom heile foredraget, og han oppfordra alle i salen til faktisk å livnære seg på tull og tøys, bokstaveleg talt. Det har han sjølv gjort og jobben hans er, som han seier, å tulle og tøyse på nynorsk. Man merka på måten han framførte foredraget på at han verkeleg koste seg med å underhalde oss, og at det heller ikkje berre var noko han hadde pugga på førehand og framførte utan å tenkje så mykje meir over det, og det at han avslutta med å etterlikne tre valfrie kjendisar sat berre toppen av kaka.
Eg smålo igjennom heile foredraget, til tider også veldig høglydt og eg vil berre sei kort og greitt at tull og tøys på nynorsk, det er morosamt!
Terningkast: Ein 4 som nesten blei ein 5.